Muligens på nynorsk

Eg ser at det er mange som i fullt alvor skriv «moglegeins» på nynorsk. Det kan vel ikkje vere rett?

Svar

Nei, «moglegeins» eller «mogelegeins» er eit tulleord som ein har brukt for å parodiere dårleg omsetjing frå bokmål.

På nynorsk heiter det beint fram kanskje eller kan hende (med a-infinitiv: kanskje eller kan henda).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.08.2023 | Oppdatert:24.05.2024