Medlemskap eller medlemsskap?
Skal ein skrive medlemskap eller medlemsskap? Det heiter jo medlemsland, så då må det vel bli medlemsskap?
Medlemskap skal skrivast slik, altså utan nokon ekstra s (binde-s).
Medlemsland er ei samansetning av to sjølvstendige ord. Samansetningar får ofte binde-s, og alltid når medlem er førsteledd.
Medlemskap er noko anna, det er ei såkalla avleiing. Ho er laga ved hjelp av suffikset -skap, som ikkje er eit sjølvstendig ord. Slike avleiingar får ikkje binde-s på line med samansetningar.
Somme lurer på kvifor det «likevel» heiter fellesskap med to s-ar. Svaret er at vi ikkje har nokon binde-s her heller, men dei to ledda felles- og -skap. Rett nok kjem felles historisk sett av felle (eldre félagi) + s, men i dag reknar ein felles som eit sjølvstendig ord.
Var denne teksten stort sett grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men les dei nøye.