Jernteppe eller hjerneteppe?

Får vi jernteppe eller hjerneteppe på eksamen – når vi plutseleg gløymer alt vi veit?

Svar

Det heiter helst å få jernteppe/jarnteppe. Ordet har vore brukt på den måten i heile etterkrigstida.

Frå gammalt av er jarnteppe ein brannsikker skiljevegg av jarn til å senke ned mellom scena og salen i eit teater. Men ordet vart tidleg teke i bruk som metafor, jamfør tittelen på Jonas Lies roman Når jernteppet faller frå 1901, om ei gruppe skipspassasjerar som trur dei snart skal døy; her er det snakk om teppefall etter siste akt.

Dei som voks opp etter andre verdskrigen, knyter jarnteppet fyrst og fremst til skiljet mellom aust og vest i Europa under den kalde krigen. Grunnen til at nemninga vart så sterkt knytt til dette skiljet, er at Winston Churchill brukte iron curtain i ein tale i underhuset i august 1945 og seinare fleire andre stader. Ordet var allereie i bruk på norsk i denne tydinga, altså om tunge stengsel mellom land.

På engelsk heiter det brannsikre teppet iron curtain eller safety curtain, og minnetap ved eksamen og i liknande situasjonar heiter mental block eller blank, ifølgje ordboka.

Å få hjerneteppe med hj- er ikkje nytt, men var uvanleg før. Det var metaforen jernteppe som var den vanlege på 1950-talet, mellom anna brukt om det at skodespelarar gløymde replikkane sine. Allereie i 1958 vart få jernteppe rekna som litt av ein klisjé (sjå nedanfor).

Sidan hjerneteppe i og for seg gjev god meining, oppstår denne varianten stadig på nytt, som mistyding, ordspel («jernteppet er blitt eit hjerneteppe») eller logisk «forbetring».

Råd: Bruk jernteppe eller jarnteppe dersom det ikkje er om å gjera for deg å seia hjerneteppe

 

Frå Foreningsledelse og taleteknikk av Jan P. Syse (1950):

 

Frå Søkelyset mot språkformen, Statens rasjonaliseringsdirektorat (1958):

 

 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.12.2022 | Oppdatert:26.04.2024