Gå i baret

Kva tyder det eigentleg å gå i baret?

Svar

Ifølgje Bokmålsordboka tyder det ‘å bli lurt, dumme seg ut; bli ruinert’, medan Nynorskordboka seier ‘tape heilt, ryke; dumme seg ut’.

‘Å bli lurt’ er ei nyutvikling. Dei mest tradisjonelle tydingane er med to andre uttrykk  ‘å gå i vasken’ (om ting) og ‘å måtta gje tapt(om folk).

Tradisjonell bruk

Dette er eit særnorsk ordlag som lenge var mest brukt i nynorsk og i trøndersk og austnorsk bygdemålslitteratur. Steinar Schjøtts Dansk-norsk ordbok (1909) er den fyrste trykte kjelda der vi finn uttrykket. Der står det under han gik i hundene saman med det gjekk til kosts (i bytta) med han.

Går vi til eldre  dialektkjelder, finn vi mest av uttrykket i nordtrøndersk. Der handlar det om å tapa (jf. måtta i golvet, bita i graset). Lenger sør, på det indre Austlandet finn vi andre bruksmåtar: Når noko går i baret, går det om inkje (= blir ingenting av). Det nærskylde «å bossa i baret» er å ta feil. Både i sør og nord kan det å gå i baret òg vera ‘å døy’ eller ‘å gå konkurs’.

I ei Oslo-basert slangordbok frå 1952 (Ulf Gleditsch) tyder å gå i baret å bli full. I 1962 står det i ei anna slangordbok (av Ingvald Marm) at det er teke opp i Oslo-sjargongen etter krigen om ‘å bli lurt, å gå fem på’.

Opphav

Opphavet er ukjent, seier Bokmålsordboka, medan Nynorskordboka ymtar om ein samanheng med verbet å berja ‘slå’ (jf. fortidsformene barde – har bart).

Men det er god grunn til å tru at det opphavleg handlar om bar frå gran og furu. I gamle dagar kunne golvet for det fyrste vera barstrøydd, og for det andre hadde ein gjerne bar på dørhella til å kosta av skorne på. Den «trønderske» tydinga ovanfor kan lett knytast til bar på golvet (jf. leik og slagsmål, som selskapsleiken å ta ryggtak), medan den «søraustlandske» kan knytast til bar både innanstokks og utanstokks.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter