FN eller SN på nynorsk?

Kva heiter FN på nynorsk?

Svar

På nynorsk kan ein velja fritt mellom forkortingane SN og FN, men det fulle namnet er Dei sameinte nasjonane.

Det er vanskeleg å gjera alle forkortingane i eit mindretalsspråk godt kjende i heile språksamfunnet. Ein har opna for bruk av FN på nynorsk mellom anna for at bokmålsbrukarar straks skal forstå tekstar der berre forkortinga er brukt.

I tekstar der ein har høve til å skriva Dei sameinte nasjonane (SN) tidleg i teksten, er det mindre grunn til å bruka varianten FN enn elles.

Kvar gong ein skriv FN, blir det sjølvsagt litt vanskelegare for folk å kjenna att SN i neste omgang.

Tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i denne samanhengen kan jamførast med tilhøvet mellom norsk og engelsk, jamfør forkortingane WTO og WHO for Verdens handelsorganisasjon / Verdshandelsorganisasjonen og Verdens helseorganisasjon / Verdshelseorganisasjonen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.11.2023 | Oppdatert:28.04.2024