Enn så lenge

Er det greitt å bruke uttrykket enn så lenge på norsk?

Svar

Det er ei smakssak. Uttrykket er nokså nytt i norsk, og det kan vere grunn til å velje andre ord.

Enn så lenge er lånt inn frå svensk än så länge. Det kom for alvor inn i norsk i 1980-åra, og har etter kvart fått stor utbreiing, ikkje minst i avisspråket.

Ikkje alle har vant seg til det, og det finst gode og meir nyanserte alternativ som ein gjerne kan velje i staden, på nynorsk særleg til no og førebels. I nektingar fungerer ofte enno best, og om noko som held fram: framleis. Når ein verkeleg skal la det henge i lufta kor uvisst noko er, kan ein framleis seia så lenge det varer. (Ein nokså ny skikk er å bruke fortsatt i staden for alle dei andre orda. I nynorsk er det direkte gale.)

Grafane nedanfor viser relativ frekvens over tid for ein del av dei nemnde uttrykka i tekstressursane til Nasjonalbiblioteket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter