Elsparkesykkel?

Kvifor kallast ein elektrisk ståsykkel (elståsykkel) elsparkesykkel? Framdriftsmåten er definitivt ikkje sparking. Kan Språkrådet rydde opp?

Svar

Sparkesykkel har rett nok namn etter hovudframdriftsmåten, men det er ikkje noko absolutt krav at den opphavlege logikken i sparkesykkel skal vera heilt intakt i samansetjingar med ordet. Ordlagingsmåten bak elsparkesykkel kan verka ulogisk, men han er ikkje uvanleg eller ugrammatisk.

Sparkesykkel er såpass leksikalisert som eit ord for «heile greia» at det kan lagast nye samansetjingar med utgangspunkt i anna enn sparkinga, som likskap i utsjånad og bruksområde. 

Vi kan nemna at tilsvarande ord er i bruk i andre språk, mellom anna i svensk (elsparkcykel) dansk (el-løbehjul) og islandsk (rafhlaupahjól). Også i mange norske dialektar heiter sparkesykkel løpehjul, så ein må rekna med å lesa elløpehjul i lokalavisene (eventuelt el-løpehjul, med ein pedagogisk bindestrek).

Vi ser at alternativet elmoped har vorte lansert. Hovudinnvendinga mot dette ordet er at elsparkesykkel i praksis har vunne. Det har vorte ettertrykkeleg innarbeidd på kort tid, og det har til og med kome i ordbøkene. Språkrådet kjem ikkje til å gå inn for eit alternativ no. Det er elles Statens vegvesen som har definisjonsmakta her. 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter