Dass' gate?
Heiter det verkeleg Petter Dass' gate med apostrof til slutt?
Svar
Ja, det er rett.
Slik skriv ein òg Herman Foss' gate, Elias Blix' gate og namnet på andre gater som er oppkalla etter personar med etternamn som sluttar på s, x eller z.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).