Brønnpissar

Kven var det som fyrst skreiv om «brønnpissarane»? 

Svar

Det var forfattaren Sigbjørn Hølmebakk som i  Dagbladet 5.1.1961 tok ordet brønnpissar i bruk i samfunnsordskiftet for å kritisere ein norsk avart av mccarthyisme. 

Det handlar om å ureine ordskiftet med dulde og falske skuldingar. 

Det fyrste dømet på brønnpissar («brønnpisser») i den norske bokheimen finn vi i ei Laxness-omsetjing av Ivar Eskeland frå 1958.

Ordet kjem eigentleg av norrønt brunnmigi, i denne sagaomsetjinga frå 1917 omsett med brunnmige. Ordet vart nytta anten om rev eller om tussar som ein ser der ein hentar vatn.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter