Alibi – uttale

Korleis uttalar ein ordet alibi  med trykk på fyrste eller siste stavinga?

Svar

Det er valfritt.

I Noreg er uttale med visse unnatak ikkje offisielt normert. Vi kan likevel gje råd om uttale ut frå kva som er vanleg eller har tradisjon. Her er Bjarne Berulfsens Norsk uttaleordbok (Aschehoug, 1969) ei god kjelde, særleg for bokmål.

Hjå Berulfsen heng trykk på fyrste stavinga saman med lang a, men om ein elles har «folkeleg» austnorsk uttale, kan ein saktens seia /allibi/ òg (med tonem 2).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter