Å snu på flisa

Eg har leitt etter opphavet til dette uttrykket i ordbøker og på nettet. Eg har ikke funne svar, derimot har eg sett at ein del skriv snu på flisen! Det har eg aldri høyrt. No snur eg på flisa og spør Språkrådet om hjelp.

Svar

I Nynorskordboka og Bokmålsordboka står det berre kva uttrykket tyder: ‘prøve ein ny framgangsmåte’. Opphavet er uvisst, men det er nok opphavleg tale om treflis av eit eller anna slag.

Snu på flisen har minst to moglege forklaringar: 1) Den som seier eller skriv det, er frå Bergen, der flisa jo heiter flisen. 2) Nokon vil snu eit pledd eller plagg av fleece (t.d. snu fleecekappa etter vinden).

Frå skjemt til alvor: Ordlaget er sikkert gammalt i talemålet sjølv om det ikkje dukkar opp i skrift før 1908 (då i konkret tyding). I avisa Indtrøndelagen er det brukt i delvis overført tyding i 1912.

Vi har diverre ikkje funne opphavet, men litt hypotetisk flisespikking kan vi kosta på oss:

Vi kan truleg straks utelukka at det handlar om å snu på Flisa, endå Flisa var endestasjon på jarnbanen i si tid. Vi trur heller det kan handla om taktekking: Når ein la flistak i gamle dagar (høvla takspon vart kalla flis), var det viktig å leggja flisa rett veg, så det hende vel at ein laut snu på flisa. Vi held ein knapp på denne forklaringa. Men elles finst det nok av fliser som kan snuast på: Dei fleste avlange trestykke kan omtalast som fliser meir eller mindre ironisk (jf. fliseguri og flisefut), mellom anna òg stikker til landmåling (jf. flisgut). Særleg når ein høvlar, kan det vera aktuelt å snu «flisa». Eit særtilfelle er høvling av emne til takflis: Når ein har høvla halve stokken, tek ein fatt frå hin enden.

Vi skal heller ikkje gløyma flishaugen. Flisene her kan under eitt kallast flisa, og stundom lyt ho vendast skal ein unngå varmgang. Men vi trur ikkje svaret ligg her, då ligg det snarare i gamle dagars flismadrassar, som ein kunne snu for å halda lusa frå livet ei stund. Ein innsendar nemner å snu på flis under husdyr i fjøs og stall for å utsetja utskiftinga, men vi finn ikkje støtte for dette. I ei gammal kjelde finn vi forresten «vende flisen fra den rette side», som peikar i ei anna retning.

For dei som likar litt innfløkte hypotesar, kan utklippa nedanfor kasta lys over saka. Ei flis er i så fall ei tyrispik (stikke med feit fureved). Problemet er at uttrykket eventuelt har skift overført tyding undervegs. Slikt skjer. Eller har du ein betre hypotese? Med dette gjev vi stafettflisa vidare, i lys loge.

1

(Johan Christiansen: Mine Livserindringer, 1908)

2

(Nils Magerøy: «Fraa gamle dagar», i Festskrift for ungdomsskulane 25 aar 1893–1918)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter