Vev, web eller nett?
Kva er rett å bruke, vev, web eller nett? Kva med nettside/vevside?
Begge delar er i og for seg rett, men orda nett og vev tyder ikkje heilt det same.
Internett er ein teknisk infrastruktur, mens ei av tenestene (funksjonane) på nettet er Verdsveven (Word Wide Web), med kortforma veven. Det finst fleire andre tenester på nettet: e-post, filoverføring (ftp), fjerninnlogging (telnet), prategrupper (irc) osb.
Det er vanleg å bruke nettet både om Internett og om (verds)veven. Ei samling sider på Verdsveven blir oftast kalla nettstad (engelsk «web site») og ei einskild side nettside.
For vev kan ein elles skriva både web (sidan 1995) og vebb (sidan 2000) på norsk, vel å merka om det gjeld IT!
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).