Strategiplan 2007–2010: treårsplan eller fireårsplan?
Korleis skal ein forstå tittelen «Strategiplan 2007–2010»? Omfattar planen berre åra 2007, 2008 og 2009, eller gjeld han for 2010 òg? Med andre ord: Er dette ein treårsplan eller ein fireårsplan?
Vi les denne tittelen slik at planen òg dekkjer året 2010, altså at det er ein fireårsplan.
Du kan samanlikne dette med uttrykk som «måndag–fredag». Når det siste ordet står for noko som har utstrekning i tid (ikkje berre eit tidspunkt), er vi vane med at ‘til’ betyr ‘til og med’.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).