Sirkulær økonomi, sirkulærøkonomi eller kretsløpsøkonomi

Kva er rettast å bruka: sirkulær økonomi, sirkulærøkonomi eller kretsløpsøkonomi?

Svar

Alle dei tre løysingane er grammatisk korrekte, så då spørst det kva som er mest brukt i fagmiljøet. Ikkje gløym krinslaupsøkonomi.

Ein kunne tenkja seg at sirkulærøkonomi viste til ein meir spesifikt og gjennomført «sirkulær» økonomi enn sirkulær økonomi (som på si side kunne vist til ein større kategori «økonomi med sirkulære trekk»), men vi finn ikkje noko klårt skilje i så måte. Det blir nok meir som med godt vêr og godvêr: stort sett det same.

Sirkulær økonomi i to ord har vore det vanlegaste både på fagleg hald og hjå styresmaktene, men sirkulærøkonomi arbeider seg inn og har til og med fått plass i visse ordbøker. Sirkeløkonomi er òg litt i bruk; det svarer til islandsk hringhagkerfi.

Ein kan skriva ordet/uttrykket slik ein seier det. Dersom ein ikkje er sikker på kva ein seier, kan ein merkja seg at sirkulær økonomi har to hovudtrykk, medan sirkurøkonomi berre har eitt (sjå understrekingane).

Så til spørsmålet om val av fyrsteledd. Sirkulær og lineær økonomi utgjer eit praktisk omgrepspar som svarer til det vi finn i dansk (stort sett), svensk, engelsk og fleire andre språk. Kretsløpsøkonomi harmonerer med tysk og nederlandsk. Det er isolert sett litt meir informativt og presist, og står i motsetnad til bruk-og-kast-økonomi. Ordet glir fint inn i det økologiske omgrepsapparatet (jf. «naturens kretsløp»/«krinslaupet i naturen»). På den andre sida har vi jo allereie ordet resirkulering for gjenvinning/attvinning.

Kretsløpsøkonomi var einerådande i byrjinga (syttiåra), men det kan henda at framtida for dette ordet ligg i å tena til utdjuping. Om ein skriv litt tradisjonell nynorsk, bør ein forresten nytta krinslaupsøkonomi.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter