Sablere

Det er mange som bruker ordet sablere om å kappe hovudet av ei flaske sjampanje. Er det rett?

 

Svar

Verbet sablere står ikkje i ordbøkene enno, men det er ikkje gale å bruke det.

Nettsøk syner at bruken av ordet har auka etter 2010. Det eldste dømet vi finn, er frå Dagbladet 29.12.95 (sjå utklipp nedanfor), og her går det fram av konteksten at både fenomenet og ordet er nytt i Noreg. 

 

Slår ein opp på verbet sable i ordbøkene, finn ein ikkje den spesifikke tydinga ‘kappe tuten av flaske’. Somme bruker sable i denne tydinga, men sablere er nok meir etablert.

fransk skil ein mellom sabler (feire med sjampanje) og sabrer, som er å opne ei flaske med sabel. Sabel heiter sabre på fransk, så dette påverkar ikkje ordvalet på norsk. NAOB har med sabrere i den relevante tydinga, men grunnlaget i norsk skriftkultur er nærmast null (sjå nb.no).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.01.2018 | Oppdatert:27.09.2023