Quebec by, provinsen Quebec
Korleis skal ein på norsk skilje mellom byen og provinsen Quebec i Canada? Ein bør vel ikkje nytte det engelske Quebec City om byen?
På norsk kan ein seie Quebec by og t.d. provinsen Quebec dersom det er nødvendig å presisere.
I den kanadiske provinsen Quebec taler majoriteten fransk, og fransk er det einaste offisielle språket. Her er det ingen grunn til å nytte engelske namneformer som Quebec City.
I lista over utanlandske stadnamn på nettsidene våre står det til samanlikning slik om Mexico:
Mexico stat i Amerika
Mexico delstat i Mexico
Mexico el. Mexico by hovudstaden i Mexico
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).