Milepæl og milepælssamtale på nynorsk

I seniorpolitikken vår nyttar vi omgrepet «milepælsamtale». Finst det eit omgrep med same meiningsinnhald på nynorsk?

Svar

Milepæl kan heita både milepåle, milestein og milestolpe på nynorsk. Milestolpe er det vanlegaste i overført tyding (å nå ein milestolpe), men samansetjinga milesteinssamtale er jo meir praktisk enn milestolpesamtale.

På bokmål bør det nok heita milepælssamtale med to s-ar, i alle fall dersom ein skriv milepælsplan, som er det vanlegaste.

Generelt heiter pæl i denne tydinga helst påle på nynorsk. Pæl vart offisielt godkjent fyrst i 1985, utan at milepæl vart teke med i rekninga. Men i grunnen er metaforen milepæle eit mindre brot med tradisjonell ordbruk enn det konkrete pæl for påle.

For milepæl har milestolpe (ikkje milepåle) vore det vanlegaste ordet, både i konkret og overført tyding. Her er det eldste dømet: «Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti hever gjengit etter» (Ferdaminni fraa Sumaren 1860, av Aasmund Olavsson Vinje). «Milepæler» av stein har ein gjerne omtala nettopp som milesteinar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:30.03.2023