Målform eller målføre?

Er det rett å kalla bokmål og nynorsk to «målføre», slik mange gjer?

Svar

Bokmål og nynorsk er målformer. Målføre bør berre brukast om dialektar.

I vanlege ordbøker i dag er målform forklart som 'språknormal, skriftnormal'. I Bokmålsordboka står dømet «bokmål og nynorsk er jamstilte målformer i alle offentlige organer». Målføre er på si side forklart som 'dialekt'. Det er særleg nytta om dialektar i tradisjonell form.

Det finst berre to målformer i Noreg i dag, nemleg bokmål og nynorsk, men mange målføre. I stillingslysingar kan det vera rett å krevja at søkjaren meistrar begge målformer, men det er vel mykje forlangt at ein skal kunna dei norske målføra.

No skal det ikkje stikkast under stol at ordbruken varierte før òg. Målføre har faktisk hatt vidare tyding før og femnt om både 'språkvariant', 'målføring' og 'mæle'. Men skiljet som er streka opp ovanfor, må seiast å vera offisiell målbruk no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter