Kvadratmeter (forkorting)
Kan ordet kvadratmeter forkortast? Korleis skal ein i så fall gjere det?
Ein kan nytte forkortinga kvm eller symbolet m².
Det er heilt i orden å forkorte kvadratmeter, og den rette forkortinga er kvm (utan punktum til slutt).
I tillegg kan ein sjølvsagt nytte symbolet m² (m tett følgd at eit total, som bør vere opphøgd dersom programvara tillet det).
På nynorsk kan det òg heite rutemeter, men det finst ikkje noka allment kjend forkorting for dette, så ein må bruke ei av forkortingane ovanfor.
Sjå òg denne lista over forkortingar og symbol i allmennspråket.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).