Framover og bakover i ei bok
Kan eg skrive «på side 21 og framover» om eg meiner ‘på side 21 og vidare mot slutten av boka’?
Vil du bli rett forstått av alle, bør du formulere deg annleis.
Det er ingen tvil om at framme i boka = ‘i starten’, og at bak i boka = ‘på slutten’. Difor kan framover tolkast som ‘i retning starten’ og bakover som ‘i retning slutten’.
Men minst like rimeleg er det å leggje leseretninga til grunn. Ein les (og blar) framover mot slutten!
Vil du unngå mistydingar, kan du til dømes skrive «på side 21 og utover/utetter» eller «på side 21 og dei følgjande sidene».
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).