Forkorting av organisasjonsnummer, fødselsnummer og personnummer
Korleis skal eg forkorte orda organisasjonsnummer, personnummer og fødselsnummer?
Svar
Skriv
- org.nr.
- p.nr.
- f.nr.
Merk at dei to siste er mindre kjende (eller kjennelege) og berre bør brukast der tydinga går klart fram av samanhengen!
Stor forbokstav skal berre brukast der det ville vore rett med stor forbokstav i det fullt utskrivne ordet.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).