Då eller når? («Materialane fortel når huset vart bygt»)

Skal det heita «Materialane fortel når huset vart bygt», eller bør ein skriva «Materialane fortel då huset vart bygt»? Eg får ikkje heilt til å nytta regelen om «den gong då, kvar gong når» her.

Svar

Det kan berre heita «Materialane fortel når huset vart bygt».

Dette har ikkje noko å gjera med regelen om «den gong då, kvar gong når». Grunnen er at «når» i dette tilfellet har ein heilt annan funksjon enn å seia at noko vart teke opp att. «Når» innleier her ei indirekte spørjesetning, dvs. ei spørjesetning som er ledd i ei overordna setning.

Det direkte spørsmålet var: «Når vart huset bygt?» Det er så gjort til direkte objekt i heilsetninga «Materialane fortel når huset vart bygt».

kan for sin del ikkje nyttast til å innleia ei spørjesetning. Derimot kan det brukast i andre konstruksjonar, som i «Arkitekten fortel om (den gongen) då huset vart bygt».

Då kan òg koma inn i biletet slik: «Slike materialar vart brukte (den gongen) då huset vart bygt» eller «Materialane stammar frå (den gongen) då huset vart bygt» eller «då husa vart bygde». Det kan stå i kontrast til når: «Slike materialar vart (alltid) brukte når ein bygde slike hus» (= 'kvar gong', 'dei gongene då'). Ein kan òg nytta «då» i det siste dømet, men då underforstår ein at det gjeld repetisjon innanfor éín samanhengande periode, altså eitt «då». Men dette er altså heilt andre konstruksjonar enn dømet ditt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter