Case sensitive

Kva heiter case sensitive på norsk?

Svar

Norsk dataordbok står versalsensitiv. Versalar tyder ‘store bokstavar’, så ein kan saktens diskutera om det er heilt dekkjande, men det spelar ikkje så stor rolle dersom ordet kjem i bruk.

Et kortare framlegg er versal-var (var i tydinga ‘følsam’) men det ordet er nok paradoksalt nok for slåande til å slå gjennom.

I Teknisk engelsk-norsk ordbok står skiftsensitiv, jamfør at skift er det vanlege på norsk for shift på engelsk. Skiftskiljande (bokmål skiftskillende) ville kanskje vore best. I dataprogram-samanheng heiter det jo gjerne at datafeltet skil mellom store og små bokstavar.

Den svenske datatermgruppa tilrår skiftlägeskänslig og nemner at versalkänslig òg er brukt. I dansk har vi sett at versalfølsom er i bruk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter