Brukbarhet, brukbarheit og usability
Kan ein omsetje det engelske usability (i dømes usability testing) til brukbarheit på nynorsk? Usability testing går ut på å finne ut kor brukande til dømes grensesnittet på nettsider er.
Endå brukbarheit ikkje står i Nynorskordboka, kan det brukast på nynorsk når det ikkje høver med adjektiv som brukande og brukarvenleg. I visse samanhengar er ordet brukarvenleg eller brukarvenlegheit. Usability testing blir gjerne omsett med brukartesting.
På nynorsk brukar ein som kjent sjeldnare abstrakte substantiv enn i bokmål, og særleg når substantivet endar på -heit eller -else. For adjektivet brukbar har ein dessutan nytta å vera brukande, brukeleg e.l.
I staden for å skrive om t.d. abstrakte substantivs brukbarheit skriv ein såleis heller om kor brukande dei er eller kor mykje gagn det er i dei – eller beint fram om dei duger.
Brukarvenleg
Eit nærsynonym for brukbarhet på bokmål er brukervennlighet. Brukarvenlegheit kan òg nyttast på nynorsk når ein ikkje kan greie seg med adjektivet brukarvenleg (jf. termbasen Snorre). Men det finst òg noko som heiter brukervennlighetstesting (dansk brugervenlighedsafprøvning, svensk användbarhetstestning), som skal vera det same som usability testing. Det er ikkje så brukarvenleg at det gjer noko. På Wikipedia ser det ut til at brukartesting ofte kan brukast i staden. Statistisk sentralbyrå nemner òg funksjonalitetstest.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).