Brenne opp eller brenne ned?
Eg høyrde nyleg Dagsrevyen melde at eit juletre brann ned, og i VG stod det ein dag at ein tysk turistbuss brann ned. Eg ville valt opp. Kva er regelen her?
Dei burde valt opp eller berre brann.
Større ting som står fast og dessutan er lågare etter ein brann, kan brenne ned (jf. «ligg i oske», «brann til grunnen»). Bygningar er det mest typiske dømet. Dessutan seier ein tradisjonelt om bål at dei brenn ned.
Mange ting som brenn ned, går samstundes opp i logar (flammar), så dei brenn for så vidt òg opp. Mindre ting brenn helst berre opp (særleg dersom dei forsvinn i brannen).
Ting på hjul med metallskrog som korkje forsvinn heilt opp eller sig ned, er i ei gråsone, men vi tykkjer ingen av delane kling bra. Særleg ned verkar rart. Det same gjeld juletreet du refererer til, om det då ikkje var på rot og det stod att ein stuv. Elles brann det vel helst opp.
Vi trur det kan vere ein aukande bruk av ned i norsk på grunn av engelsk, for burn down har større bruksområde i engelsk enn brenne ned har i norsk.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).