Berørt på nynorsk

Å berøre kan på nynorsk heite å røre ved eller beint fram å ta på. Men kva heiter det å vere berørt av abstrakte ting som planar, tiltak og vedtak på nynorsk? Det heiter vel ikkje å vere rørt eller rørd, som somme skriv?

Svar

Nei. Rørte partar er tullenynorsk. Ein bør heller skrive berørte om ikkje noko anna høver. Men ofte finst det gode alternativ.

Å berøre
er ikkje eit av dei orda som kan takast inn i nynorske ordlister, men det er eit ord ein ofte kan ha bruk for. I overførd tyding bør berørt absolutt ikkje omsetjast med rørt. Det kunne i teorien heitt vedrørte, men det er ikkje innarbeidd.

Det finst ikkje ein einskild ekvivalent. 

I mange tilfelle kan det høve med råka (jf. ramma), men ofte blir det for sterkt og direkte. Å vere berørt av ei sak kan tyde at saka vedkjem/gjeld ein eller får følgjer/verknad for ein.

Diverre finst det ikkje ein passivvariant av dei nemnde uttrykka (som vedkomen). Vi må ty til andre uttrykk. Av og til høver involvert i, andre gonger påverka av eller utsett for. Somme tider kan ordet strykast, som i berørte partar i saka.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2023 | Oppdatert:29.09.2023