Å finnast – finst – fanst – har funnest
På radioen høyrer eg ofte reporterar som seier «det finnast». Det kan vel ikkje vere rett?
Svar
Nei, det heiter ikkje «det finnast» på nynorsk, så sant det ikkje står eit hjelpeverb som skal, må eller kan framanfor. Det er heller ikkje noko som heiter «finnast det».
Det heiter «det finst» og «finst det». Vidare: «Eg/du/han/ho/vi/me/de/dei finst».
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).