1,1 milliardar, 1,1 gradar og liknande
Heiter det 1,1 milliardar eller 1,1 milliard? Enn når det er snakk om 2,5 eller to og ein halv slike?
Det heiter valfritt 1,1 milliard/milliardar, og det heiter 1,2 milliardar. Det heiter 2,5 milliardar, men helst to og ein halv milliard. Det same gjeld andre tal, til dømes million, og dessutan grad og andre einingar. Merk: 0 grader/gradar!
Hovudregelen er: fleirtal etter desimaluttrykk, òg når verdien er under 1, til dømes 0,9 milliardar. Dessutan: 1,0 milliardar.
Døme med millionar:
0,9 millionar
1 million
1,0 millionar
1,1 million el. 1,1 millionar
1,2 millionar
5,0 millionar
5,1 million el. 5,1 millionar
5,2 millionar
5,3 millionar
5,4 millionar
osv.
Legg merke til valfridomen ved desimalen 1 (i 0,1, 1,1, 2,1 osb.). Det er siste siffer i desimalen ein skal sjå på, òg i 0,21 osv.
Dei same reglane gjeld når det står noko føre eller etter: Dei utrekna 1,1 milliard(ar) / 1,2 milliardar kronene.
Spørsmålet vart teke opp av Norsk språknemnd i 1969. Språknemnda meinte at det burde vere fleirtalsform i alle tilfelle. I 1995 vedtok Norsk språkråd denne tilrådinga: «Når tallet etter desimalkommaet er 1, kan en ha valgfritt entalls- eller flertallsform.»
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).