Stor forbokstav på partar i kontraktar?

Når vi i vårt juridiske firma utformar kontraktar, skriv vi gjerne partane i kontrakten med store forbokstavar: Festar, Bortfestar, Utleigar, Leigetakar, Leverandør osb. Er denne praksisen korrekt?

Svar

Språkrådet tilrår å bruke små forbokstavar i slike tilfelle. Skriv helst festaren osv.

Dette er ikkje omtalt i reglane for bruk av liten og stor forbokstav, slik vi finn dei til dømes på nettsidene våre. Da må vi sjå på dei allmenne prinsippa som ligg til grunn for reglane. Norsk rettskriving er minimalistisk på den måten at vi bruker liten forbokstav alle stader der det ikkje er særleg grunn til å bruke stor.

Særnamn

Den fremste «særlege grunnen» til å bruke stor forbokstav er at eit ord er eit særnamn (eigennamn). Når vi nyttar eit samnamn (fellesnamn) i staden for eit særnamn, bruker vi som regel liten forbokstav. Til dømes kan samnamna ordføraren og departementet i rett samanheng vise til det same som Marit Halvorsen og Utanriksdepartementet.

Kontraktar

Kontraktar skil seg ikkje frå andre teksttypar i denne samanhengen. I ein konkret kontrakt vil ord som festar eller leigetakar vise til einskildpersonar med særnamn, men det gjer ikkje desse orda til særnamn. Dersom det i innleiinga til kontrakten også er presisert kven festaren eller leigetakaren er, kan vi ikkje sjå nokon god praktisk grunn til å bryte hovudregelen. Med andre ord bør de halde dykk til små forbokstavar også her.

Dersom ein veit talet på partane, kan ein forresten godt nytte rett tal og bunden form i staden for naken form, altså til dømes festaren og leigetakarane.

Tradisjonen

Liten forbokstav har dessuten god tradisjon. For eksempel bruker Ivar Alnæs og And. Færden liten forbokstav i sine formularbøker.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter