Norge på nynorsk?

Kan ein skrive Norge på nynorsk?

Svar

Nei, berre Noreg.

Formene Norig og Norge var jamstilte i landsmål/nynorsk frå 1917 til 1938, men sidan 1938 har Noreg vore eineform. I 1996 gjorde nynorskseksjonen i Norsk språkråd framlegg om å innføre Norge som sideform attåt Noreg, men dette vart avvist av Kulturdepartementet (jf. denne artikkelen på nettsidene våre).

Denne artikkelen frå Språknytt nr. 2/1974 gir att ein tekst av Magne Rommetveit om ulike syn på denne saka. Her står det òg litt om den tradisjonelle uttalen av namnet i ulike målføre. Jakob Naadlands utgreiing Noreg er namnet frå 1954 er tilgjengeleg digitalt her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.11.2022 | Oppdatert:27.04.2024