Framover og bakover i ei bok

Kan eg skrive «på side 21 og framover» om eg meiner ‘på side 21 og vidare mot slutten av boka’?

Svar

Vil du bli rett forstått av alle, bør du formulere deg annleis.

Det er ingen tvil om at framme i boka = ‘i starten’, og at bak i boka = ‘på slutten’. Difor kan framover tolkast som ‘i retning starten’ og bakover som ‘i retning slutten’.

Men minst like rimeleg er det å leggje leseretninga til grunn. Ein les (og blar) framover mot slutten!

Vil du unngå mistydingar, kan du til dømes skrive «på side 21 og utover/utetter» eller «på side 21 og dei følgjande sidene».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:28.04.2024