Hopp til hovedinnhold

Skriveråd for ulike teksttypar

Her finn du råd om korleis ein kan skrive gode brev, nettekstar, rapportar, skjema og digitale tenester, stillingslysingar og høyringssvar.

Same kva slags tekst du skriv, løner det seg å følgje dei generelle skriveråda. På nettsidene til Språkrådet finn du skrivereglar, skriveråd og grammatikk. Hugs òg å slå opp i ordboka.

«Søknaden må leverast innan 1. november»

Preposisjonen innan er tvitydig. Brukt om tid kan innan nemleg tyde både ‘i løpet av’ og ‘før’. Skal søknaden leverast seinast 1. november eller i løpet av 31. oktober? Vi slepp heile problemet om vi skriv om til Søknadsfristen er 1. november eller Søknadsfristen er 31. oktober.

Kva tyder innan?