Ver klar

Å skrive er å omgåast andre. Tenk på mottakaren. Skriv klart.

Teksten på bokmål

Kvifor?

  • Fordi klart språk fremjar demokratiet og rettstryggleiken
  • Fordi klart språk sparar tid og pengar.
  • Fordi klart språk skaper tillit.

Korleis?

  • Tenk over kven du skriv for.
  • Finn ut kva du vil at mottakaren skal vite eller gjera.

Følg desse skriveråda:

Innhald

  • Kom raskt til saka. Skriv det viktigaste først.
  • Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid.
  • Ta berre med det som er relevant for mottakaren.
  • Velg ein passe personleg tone.

Avsnitt

  • Lag ein tydeleg struktur og del teksten inn i avsnitt.
  • Lag overskrifter som høver til innhaldet i avsnitta.

Ord

  • Bruk heller korte ord enn lange.
  • Forklar vanskelege ord.
  • Ikkje bruk vage og upresise ord.

Setningar

  • Ikkje bruk for mykje passiv. Fortel kven som gjer kva.
  • Bruk heller verb enn substantivuttrykk. Skriv heller «endra» enn «gjennomføra endringar».
  • Del opp lange setningar.
  • Syt for at det er god logisk samanheng mellom setningane.

Teiknsetjing og rettskrivning

  • Pass på teiknsetjinga. Med rett teiknsetjing blir teksten ryddig og lett å lesa.
  • Ikkj stol på stavekontrollen. Les korrektur eller be ein kollega om å gjera det.
  • Bruk ordbøker!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter