6 Skap motivasjon for å skrive godt og klart

Sidan det å skrive klart ofte handlar om haldningar, må ein spele på lag med dei som skriv. Ei morosam teikneseriestripe om språk kan vere ei like god oppfølging som ein e-post som terpar på skrivereglar.

[Teksten på bokmål]

Humor er eit viktig verkemiddel i språkarbeidet. Humor kan gjere det lystprega for den som skriv, og gjer det også lettare og meir morosamt for dei som skal motivere andre til å arbeide med språket. Ingen har vel lyst til å bli sett på som surpompen med raudpennen?

Utlendingsdirektoratet har med stor suksess introdusert språkarbeidet som ein kampanje, med plakatar i heisane, sjokolade og drops og andre morosame påminningar om at eit språkprosjekt var under oppsigling (sjå lenke til eigen artikkel under). Det kan også vere eit verkemiddel å knyte språkarbeidet til hyggelege sosiale samkomer. I Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har språkquiz under fredagskaffien på avdelingane og lunsjkåseri om språk med eksterne føredragshaldarar vore populære tiltak.

Mange opplever språkbruk som noko svært personleg, og det kan vere vanskeleg å få attendemeldingar og framlegg om å endre språket sitt. Tenk på korleis de kan skape ein kultur for å gje kvarandre attendemeldingar og utveksle idear til nye måtar å gjere ting på. Ein måte å gjere kvarandre gode på kan vere å utnemne ein «språkven» i avdelinga, ein som kan lese og gje attendemeldingar på andre sine tekstar. Senk terskelen for å bidra til kvarandre sine tekstar og ver konstruktive i staden for kritiske.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter