Klart språk gir resultat

Klart språk er med på å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Men kva er dei meir konkrete resultata for innbyggjarar, stat og kommune?

I venstremenyen finn du artiklar om effektane av klarspråksarbeid i ti verksemder. Det er Difi som har kartlagt effektane, og verksemdene sjølve har skrive tekstane. Døma viser at klarspråk kan gje ulike effektar, på ulike område og for ulike målgrupper.

Dei ti døma kan vonleg vere både nyttige og inspirerande – for klarspråk løner seg! Langt fleire enn dei verksemdene som er presenterte her, har utført effektivt og effektfullt klarspråksarbeid. I åra som kjem, vonar vi at enda fleire verksemder i stat og kommune kan dokumentere gode resultat og effektar av dette arbeidet og dele dei med oss og andre.

Kortversjonar av artiklane er samla i heftet «Klart språk gir resultater». Du kan laste det ned her eller bestille ein papirversjon via bestillingssida.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter