Tvilsame tilnærmingar

(14.7.2011) Tåkedotten denne gongen kjem frå teksten til ei innleveringsoppgåve som ein innsendar fekk i kurset Kommunikativ planlegging og stedsutvikling ved eit universitet.

«Kvalitative forskingsintervju:
Diskuter ulike intervjutilnærminger og implikasjoner for hvilke type data som man gjennom ulik kunnskapstilnærminger produserer.»

Kommentar frå redaksjonen

Ei intervjutilnærming må vel vere den måten ein nærmar seg eit intervjuobjekt på, eller den måten ein stiller spørsmål på. Kanskje meininga er «Diskuter ulike intervjumetoder og hvordan man kan få ulike typer data ved å spørre på ulike måter»? Men kva meiner universitetet med kunnskapstilnærming? Er det eit anna ord for å lære seg noko nytt, og måten ein gjer det på? Og det å produsere data gjennom ulike kunnskapstilnærmingar, er det å gjere bruk av den kunnskapen ein får (på ulike måtar) når ein har lært seg noko nytt?  Eller kanskje skribenten meiner noko heilt anna (og heilt nytt)?

Redaksjonen har ikkje vore borti dette fagfeltet og er ikkje inne i den interne fagsjargongen, men har mest lyst til å avvise desse tilnærmingane. Det får vere grenser for kor mykje tilnærming ein kan finne seg i.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter