Wifi og hifi eller wi-fi og hi-fi?
Korleis skal ein skriva og uttala desse orda?
I 2020 vart orda normerte til hifi og wifi.
Før heitte det Hi-Fi eller hi-fi, medan wifi var unormert (og oftast skrive Wi-Fi).
Hifi står for high fidelity.
Wifi er i utgangspunktet eit merkenamn (frå den såkalla Wi-Fi-alliansen), men i dag må det reknast som eit samnamn (bokmål: fellesnavn). Wifi er eit engelsk ordspel på hifi. Wifi blir gjerne oppfatta som eit akronym for wireless fidelity, men strengt teke står ikkje fi for noko, jf. denne artikkelen i New Scientist.
Det står i Nynorskordboka og Bokmålsordboka at uttalen av hifi er /haifi/. Det svarar fint til korleis byrjinga på high fidelity blir uttala på engelsk. I engelske ordbøker står likevel /haifai/ – og /waifai/. Det står ikkje noko i dei norske rettskrivingsordbøkene om den norske uttalen av wifi, men andre kjelder nemner /vifi/ og /vaifai/.
Folk får nesten velja uttale sjølve. Uttaleopplysningane i ordbøkene er berre opplysningar, ikkje reglar.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).