Trykk seksten

Kvifor seier vi å gje nokon ein trøkk eller trykk seksten?

Svar

Det finst ikkje nokon betre hypotese enn at det kjem frå boktrykkjarfaget.

Ordbog over det danske Sprog seier:

trykseksten [...] [tr̥øgˈsaisd(ə)n] (ofte skrevet -sejsten) [...] (af usikker oprindelse; 1. led er vel trykke 1 (jf. sv. tryckare, slag), 2. led II. seksten; muligvis egentlig et bogtrykkerord, om det kraftige tryk, der krævedes for med en haandpresse at trykke et oktavark paa 16 sider (?)

Merk at det heiter trykken, ikkje trykket, i denne samanhengen. Det gjeld både norsk og dansk.
 
På norsk skal det skrivast i to ord: trykk seksten. Ein ser det òg skrive med siffer: trykk 16. Det er så vanleg å skriva (og seia) trøkk med ø at det snautt kan kallast ein feil. Ø-en har støtte både i dansk uttale og i det norske trykk i tydinga 'slag’, som helst blir uttala med ø, jf. å få seg ein trøkk. Ordlaget trykk seksten er vorte sterkt knytt til denne tydinga av trykk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter