Tankestrek mellom tal: til eller til og med?

Korleis skal ein forstå tittelen «Strategiplan 2008−2010»? Omfattar planen berre åra 2008 og 2009, eller gjeld han for 2010 òg? Enn «middag 13−15»: Er det to eller tre timar? Og endeleg: Er aldersgruppa 16–18 år to eller tre årskull? Med andre ord: Tyder streken ‘til’ eller ‘til og med’?

Svar

Vi les denne tittelen slik at planen også dekkjer året 2010, altså at det er ein treårsplan.

Du kan samanlikne dette med uttrykk som «måndag−fredag», der tankestreken etter alt å dømme tyder ‘til og med’.

Merk at preposisjonen til er vel så tvitydig som intervallstreken, for til kan òg tyde ‘til og med’. Ein kan ikkje alltid vite kva som er meint.

Klokkeslett

Når det gjeld timar, som i «middag frå 13 til 15», er det heilt urimeleg å rekne med timen som byrjar klokka 15. Klokka 15 er ikkje eit intervall på line med året 2010. Tolkinga til og med gjev heller ikkje så mykje meining i samanhengen. Det har fint lite å seie om ein reknar med sjølve slaget 15 eller ikkje.

Alder

Alder kan tolkast på liknande vis, slik at 16–18 tyder berre fram til fylte 18. Det vanlege er nok likevel å rekne med alle 18-åringane, til dei fyller 19. Sikker kan ein ikkje vere. Like tvitydig er formuleringa «mellom 16 og 18 år».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter