Spaniar eller spanjol?

Eg har registrert at spaniar (på bokmål spanier) er ei form som spreier seg. Har ein framleis lov til å nytte forma spanjol?

Svar

Begge formene kan nyttast, det er valfritt etter rettskrivingsordbøkene og har vore det i lang tid.

Det kan nok stemme at spaniar har blitt vanlegare i det siste, men spanjol er slett ikkje ute, tvert om har denne forma styrkt seg lenge. På 1800-talet var spanier vanlegast i skrift, men vi finn òg ein del spaniol

Tidlegare var òg forma spanjor i bruk. Spanjor (som er det vanlege svensk) står i ordboka til Ivar Aasen i 1850 og er forklart på dansk(-norsk) med spanier. I dansk skal spaniol ha vorte «lavsocialt» og gammaldags og vissnok nedsetjande.

I fleire tiår skulle spaniar (bokmål spanier) skrivast spanjar (spanjer).

Her er utviklinga i eit korpus hjå Nasjonalbiblioteket:

 

 

Og her er eit klipp frå avisbasen ATEKST:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:30.03.2023