Sløyfing av infinitivsmerke etter visse verb
Eg tykkjer stundom det verkar naturleg å utelata infinitivsmerket, som i
«eg freista gjera det» i staden for «eg freista å gjera det».
Andre gonger er det omvendt, til dømes
«eg forsøkte å gjera det» i staden for «eg forsøkte gjera det».
Det er mest så eg ikkje torer (å) velja. Kva reglar gjeld her?
Etter ein del verb står infinitiven snart utan å, og snart med å. Det gjeld mellom anna desse:
behøve (å), gidde (å), makte (å), orke (å), trenge (å), våge (å)
Her kan du kan velje sjølv.
Variasjonen er til ein viss grad regional, og det er vanlegast å sløyfe infinitivsmerket vest og nord i landet. Difor er det vanlegare å sløyfe infinitivsmerket i nynorsk, der vi òg finn vakling etter verb som
byrje, forsøkje, freiste, greie, klare, nekte, pleie/pla, prøve, sleppe og slutte.
Eit «ikkje» etter visse av verba kan auke «faren» for sløyfing av å.
Når du tykkjer det er meir naturleg å sløyfa infinitivsmerket etter «freista» enn etter synonymet «forsøkte», er nok grunnen at verbet freiste mest berre er brukt i nynorsk.
Ikkje «å» etter modale hjelpeverb
Etter modale hjelpeverb har vi oftast ikkje å i standardmålet. Det heiter
bør vurdere, skulle bli, ville springe, hadde måtta gå, kan komme osv.
Oftast heiter det òg
kan sykle (både om å vere i stand til og å ha høve til å sykle),
men i fleire dialektar nyttar ein kan å når kan tyder ‘vere i stand til’:
kan å sykle ‘er i stand til å sykle’
Dette er òg noko brukt i skrift, men det er ikkje allment akseptert, endå det ikkje er noko grammatisk gale med det.
Dei aktuelle orda: ein fot i kvar leir
Når eit verb kjem etter eit av dei verba som er nemnde i ingressen, har vi to alternativ.
I den store Norsk referansegrammatikk (Universitetsforlaget 1997) står det at verb som behøve, trenge osv. (sjå ovanfor) bør reknast som «hovudverb som tek objekt» når dei står med ein infinitivskonstruksjon med å etter («Du behøver ikke å komme»), og som «hjelpeverb som tek verbfrase» når å manglar («Du behøver ikke komme»).
Dette påverkar ikkje valet, berre analysen av det.
Spesialtilfelle: tore
Etter tore nyttar ein ikkje å når tydinga er ‘kunne’, altså i ordlag som «Om eg tør be» (vanlegare på bokmål enn på nynorsk). Her fungerer tore meir som eit modalt hjelpeverb. Når tore tyder ‘våge’, kan ein nytte å eller la det vere: «Eg tør ikkje (å) gjere det».
Andre tilfelle: alltid «å»
Infinitivsmerket er alltid med når ein infinitiv er subjekt eller innleier subjektet i ei setning: «å tagge er ulovleg», «å bade i sjøen er spennande». Det er òg sjølvagt for dei fleste at infinitivsmerket må vere med der infinitiven er ein del av eit preposisjonsuttrykk: «for å komme», «til å svare», «utan å sove» osv.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).