Påskrevet pass / påskrive pass

Kvifor er det negativt å få passet sitt påskrive? Det er jo fint å ha mange stempel i passet – om ein ikkje lir av flyskam, da.

Svar

Årsaka er at det er ikkje snakk om den slags pass som vi i dag tar med til utlandet. Det handlar om pass i den gamle tydinga ‘skotsmål, attest’.

Rett nok er det ein samanheng mellom dei to typane pass. Og opphavet til begge er italiensk passaporto, som opphavleg tyder ‘løyve til å passere hamna’.

Passet som blei påskrive, er løpepass. Eit slikt pass fekk tenestefolk påskrive før dei blei oppsagde og kunne dra vidare. Handverkssveinar og soldatar fekk òg avskilspass. Uttrykket å gi nokon løpepass kan brukast om ‘å seie opp’ eller ’å kvitte seg med’ nokon.

Ein attest kan saktens vere god, men å få passet påskrive er blitt nokså einsidig negativt, jf. det som står om uttrykket under paaskrive i Ordbog over det danske Sprog:

faa sit skudsmaal udtrykt med tydelige, især dadlende ord; blive dadlet, gennemheglet (for udviste fejl)

Uttrykket står forresten ikkje i ordboka over moderne dansk, Den Danske Ordbog. Ein seier heller berre «få læst og påskrevet» ’få en alvorlig irettesættelse eller kritik’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.03.2016 | Oppdatert:19.04.2024