Ordet «suvl» og forma «sovvel»
I boka Viddens herrer av Jacob B. Bull kom eg over ordet sovvel. Eg finn ikkje dette i ordbøkene. Kva tyder det?
Det heiter etter rettskrivinga suvl eller sul. Det viser oftast til feit mat som kjøt, fisk, ost og smør, i motsetnad til kornprodukt.
Ordet har normert form suvl eller sul, jamfør artikkelen suvl i Nynorskordboka. Her er det oppgjeve to tydingar:
1 feit, kraftig mat (til å ete attåt suppe, graut, brød og liknande)
2 (sur)mjølk til graut eller brød
Norsk Ordbok har ein lengre artikkel om suvl, med fleire tydingar. Her finn ein òg målføreforma sovvel, som er registrert i fleire område både i Sør-Noreg og i Nord-Noreg. På Austlandet heiter det fleire stader sugl eller sugel, som i Husmannsvisa.
Ordet har vore viktig, for suvlet (i tyding 1) kosta etter måten meir før enn no. Det var råflott å eta suvlet bert.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).