Om bord eller ombord – og ombordstiging?

Det må vel heite ombord i eitt ord når det heiter ombordstiging, omsider, omtrent osv.?

Svar

Nei. Det faste preposisjonsuttrykket om bord skal skrivast i to ord, nett som motstykket på land. Det heiter òg til sjøs, ikkje *tilsjøs. Dette er ikkje samansette substantiv – som ombordstiging og pålandsvind er.

Allereie i Aars og Hofgaards Norske retskrivnings-regler med alfabetiske ordlister frå 1907 er sjølve prinsippet formulert på s. 26 f.:

§ 34. Virkelige sammensætninger skrives i ett ord. [...]

§ 35. I mange tilfælde kan det være vanskelig at avgjøre om man har en sammensætning til et nyt ord, eller en forbindelse av to eller flere ord. Naar andet led føles som et selvstændig ord, bør det ogsaa skrives saa; i det hele bør man undgaa unødig sammenskrivning.

Særlig mærkes at en præposition med styrelse ikke maa betragtes som en sammensætning; der er ikke noget ord som heter ifred, tilhvile, tilgode o. l. [vår utheving]

Somme skriv til oss og hevdar at det å skriva om bord er ein særskrivingsfeil, men det er ei mistyding. Særskrivingsfeil er å dele samansette ord. Poenget er at *ombord, som *ifred og *tilsjøs ikkje er å rekne som eit samansett ord, men som to ord. 

To ord (preposisjonsfrase)

Bord er eit kjent og sjølvstendig ord som mellom anna betyr ‘skipsside’. Når det har preposisjonen om føre, er det to ord som står for seg. Vi har  altså: 

om bord, på dekk, i bil
ikkje: *ombord, *pådekk, *ibil

Andre døme med bord er

mann over bord
gå frå borde (med ein gammal dativ-e som har overlevd i faste uttrykk)

Om bord i eitt ord er ei uekte samansetning. Ekte samansetning har vi derimot m.a. i dei to tilfella som er omtalte nedanfor.

Substantiv: i eitt

Når heilskapen er eit substantiv, skal det skrivast i eitt: eit skipsbord – skipsbordet. Det er vanskeleg å finna slike samansetningar med preposisjon og bord, men vi kan ta preposisjonen om og eit anna substantiv som døme: eit omslag omslaget.

Lengre samansetningar med om bord er (i motsetnad til om bord sjølv) substantiv, t.d. ombordstiging.

Dersom sisteleddet ikkje gjev meining: i eitt

Preposisjon + noko som ikkje har sjølvstendig tyding i moderne norsk = samansetning. Døme:

sider i omsider (som er i slekt med sist),
trent i omtrent.

Derimot:

om lag i to ord, fordi lag er vel kjent og gjev meining åleine.

Skiljet mellom meiningsgjevande og uforståelege ledd er rett nok ikkje heilt skarpt, men både om og bord gjev nokolunde meining i samanhengen.

Kva med t.d. babord og styrbord? Alle ledda her gjev nok meining for dei innvigde, men her kjem fleire andre faktorar inn i biletet: Begge er både adverb og substantiv, og dei blir klårt uttalte som ord, med trykk på fyrste staving, nett som fribord og matbord.

Tvitydig?

Mange sender oss snedige motargument mot å skriva om bord i to ord, til dømes at «NN skreiv ei bok om bord» kan vera tvitydig. Men slike tvitydige formuleringar i skriftspråket kan vi leva med, jf. «NN skreiv ei bok om gangen» (nynorsk «gongen») eller «dei andre skreiv om kapp» – vi skriv ikkje «omgangen» eller «omkapp» for det. Vi skriv heller om. 

Andre peiker på ein mogleg nyanse mellom å gå om bord og å vera *ombord. Det blir òg for finurleg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter