Multitasking på norsk

Finst det eit godt norsk ord for multitasking, altså at ein gjer fleire ting i same slengen? Samslenging?

Svar

Orda multitaskar og multitasking er nokså innarbeidde hos dei fleste no.

Fleiroppgåvekøyring (fleroppgavekjøring) er vanleg på norsk om det at to eller fleire oppgåver blir utførte samtidig på ein datamaskin.

Det islandske ordet er forresten fjölverkavinnsla (‘mangverksarbeid’).

Fleiroppgåvekøyring høver ikkje som nemning for menneskeleg multitasking. Ein person som driv med slikt, kan kallast multitaskar eller med eit forslag frå publikum: parallellpuslar.

Vi har frå før ordet mangsyslar, men det blir gjerne brukt i vidare tyding, altså ikkje om det å gjera fleire ting heilt samtidig. Ein som gjer fleire ting i same slengen, kunne saktens kallast ein samslengjar (samslenger), men vi trur nok ikkje at eit slikt ord vil bli teke i bruk.

Kom gjerne med andre framlegg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter