Kyrkjer, skular og sjukehus: nynorsk eller bokmål i namnet?

Har kyrkjer, skular og sjukehus faste namn, eller skal ein omsetja namna til den målforma ein brukar elles i teksten? Døme: Oslo domkirke, Helgheim kyrkje, Nordbygda skule og Oslo universitetssykehus. 

Svar

Kyrkjer og sjukehus skal omtalast i den målforma som teksten elles har, medan skular (til og med vidaregåande) berre har éi namneform.

Dette heng saman med tilknytinga til staten. Forskriftene til mållova seier at statlege verksemder skal ha eit namn som fungerer i begge målformer, eller så skal det finnast både ei bokmålsform og ei nynorskform. Andre namn skal grovt sett skrivast slik dei er vedtekne.

Sjukehus

Sjukehusa er no statlege og skal følgja mållova. På nynorsk har alle sjukehusa namn med forma sjukehus. På bokmål kan ein velja mellom sjukehus og sykehus i fastsetjinga av namnet. Når sjukehuset har valt ein variant, bør andre halda seg til den når dei skriv bokmål. 

Kyrkjer

Med kyrkjene er det ikkje like opplagt, men konklusjonen er den same.

Den statskyrkja vi hadde fram til 1.1.2017, var ikkje fullt ut statleg. Presteskapet, bispedømma og Kyrkjerådet var statlege, medan kyrkjebygningane var åtte av kvar einskild sokn. Likevel meinte Språkrådet at kyrkjebygningane var så nær knytte til den statlege forvaltninga at namn på kyrkjer burde følgja mållova, såleis at éi og same kyrkje burde heita Nordbygda kirke på bokmål og Nordbygda kyrkje på nynorsk. 

Frå 2017 er ingen del av Kyrkja lenger statleg, men det er framleis soknene som eig kyrkjebygningane. Når Den norske kyrkja er vorten eit eige rettssubjekt utanfor staten, gjeld ikkje lenger mållova, men Kyrkja har signalisert at ho framleis tek sikte på å følgja mållova i verksemda si. 

Difor rår Språkrådet til å gjera som før, nemleg å skriva t.d. Nordbygda kirke på bokmål og Nordbygda kyrkje på nynorsk. Det same gjeld Oslo domkirke / Oslo domkyrkjeMariakirken/MariakyrkjaHelgheim kirke / Helgheim kyrkje osb., og vi kan ta med menighet/kyrkjelyd i det same systemet.

Skular

Dei fleste grunnskulane er kommunale, nokre få er private. Dei fleste grunnskulane får såleis namn av kommunen. Namneforma til skulen følgjer opplæringsmålforma, som kommunen har vedteke. Ein kan rekna med at grunnskular med nynorsk opplæringsmål i Hordaland og Sogn og Fjordane har forma skule, men unntak finst. I Rogaland, Agder, Telemark, Buskerud, Oppland og i Møre og Romsdal vil det variera. I Trøndelag har grunnskular forma skole

Dei vidaregåande skulane er som regel fylkeskommunale. Somme skular med namn på nynorsk har forma skule, andre har skole. Begge nynorskformene kan finnast i eitt og same fylket. Den forma som ein skule har valt å bruka i namnet, bør brukast i nynorske tekstar som nemner denne skulen.

Namn på grunnskular og vidaregåande skular bør ein altså skriva slik skulane gjer sjølve, same kva målform teksten er i. Statlege høgskular og universitet har anten namn som er sams for målformene, eller to namneformer. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter