Kva gjeld?
Kan ein bruke kva gjeld på nynorsk, til dømes «Kva gjeld kvaliteten, er den lågare enn venta»?
Det er ikkje ulovleg, men det er heller ikkje god nynorsk. Det er ei direkte omsetjing av bokmålsuttrykket hva gjelder, som ikkje alle bokmålsbrukarar likar så godt heller.
Ein grei tekstbindar er når det gjeld. I dømet du nemner, kan ein kanskje til og med gå rett på sak utan tekstbinding: «Kvaliteten er lågare enn venta.»
I spørsmål er kva gjeld sjølvsagt greitt: «Kva gjeld denne saka, eigentleg?»
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Merk at den lange teksten er for dei ekstra interesserte og tolmodige. I dei fleste artiklane finn du eit kort svar i ingressen, altså det fyrste avsnittet, som står med feit skrift. Vi rår frå å hoppa over det.