Kronebeløp: rekkjefølgje, komma og strek

Skal ein skrive beløp med eller utan komma og strek, altså «kr 500,–» eller «kr 500»? Og skal kr stå føre eller etter talet? Kva med NOK?

Svar

Begge delar er valfritt. Du kan skrive med komma og strek eller utan, og du kan setja kr føre eller etter. Men skriv gjerne på enklaste måten, altså 500 kr (utan punktum). NOK står helst føre talet, men er berre brukt der det er viktig å presisere valutaen.

Merk at ein eventuell strek er tankestrek, ikkje bindestrek, og at komma og strek aldri må brukast etter eit ørebeløp. Streken står for 00 øre.

I tale er den naturlege rekkjefølgja å ha talet fyrst. I vanleg tekst er 500 kr (eller helst 500 kroner) i utgangspunktet det beste. I visse oppstillingar kan det vere rett å snu på det.

Er det tale om fleire valutaer, bør ein skrive nkr, som er presist nok i norsk samanheng.

Den internasjonale bankkoden er NOK, og det er vanleg å setje han føre talet (utan kr etter). Det er ingen grunn til å bruke nkr eller NOK dersom det ikkje er naudsynt å presisere kva valuta det gjeld.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter