Kolon og punktlister
Skal det vere kolon før ei oppramsing i form av punktliste? Og kva med forbokstaven i kvart punkt – stor eller liten?
Det skal ikkje vere kolon dersom punktet er eit naturleg framhald av innleiinga. Bruk kolon berre dersom det òg ville ha vore kolon i ei vanleg oppramsing utan punktliste. Forbokstaven skal vere stor berre dersom punktet inneheld ei heil setning (eller fleire).
Sjå døma nedanfor.
1
Her skal du føre
- nettoinntekt ved utleige av bustad
- nettoinntekt ved utleige av tomt
2
Du skal føre opp desse inntektene:
- nettoinntekt ved utleige av bustad
- nettoinntekt ved utleige av tomt
3
Når du fyller ut skattemeldinga (før: sjølvmeldinga), må du hugse på dette:
- Du skal føre opp nettoinntekt ved utleige av bustad.
- Du skal føre opp nettoinntekt ved utleige av tomt.
Som du ser ovanfor, skal det berre vere punktum til slutt etter heile setningar.
Meir om punktlister finn du på nettsidene våre.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).