Kolli
Kva er eintalsforma av kolli?
Det heiter kolli i eintal òg.
Det er eit inkjekjønnsord på både nynorsk og bokmål.
Bøyinga er slik:
nynorsk: (eit) kolli – (dette) kolliet – (fleire) kolli – (alle) kollia
bokmål: (et) kolli – (dette) kolliet – (flere) kolli/kollier – (alle) kollia/kolliene
Ordet kjem frå italiensk og er eigentleg fleirtal av collo ‘pakke’ (med den tidlegare tydinga ‘nakkebør’).
Eintal kolli har vi hatt heilt sidan 1800-talet, men i somme miljø har ein nok brukt kollo.
Grunnen til at fleirtalsforma vart til eintalsform i norsk, er truleg at dei som handterte gods, oftare snakka om pakkane i fleirtal. Eit liknande fenomen kjenner vi frå engelske lånord som til dømes drops, tips, tanks, pins, kaps og kjeks (jf. cakes) – her er fleirtals-s-en bakt inn i norsk eintal.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).